KONTAKT OSS

VELKOMMEN TIL SETESDAL!

Program: Programkomiteen ønskjer å syne deg Setesdal, og vår særmerkte kulturhistorie med vekt på sauehald, lokale utflukter med gardsbesøk, føredrag og småkurs om alt frå avl og foredling/matkultur, handverk og husflid og kulturarv. I tillegg vil det vere nasjonale og internasjonale innleiarar som set dei opphavlege sauerasane, ulla og beitebruken inn i ein større kontekst.

Konferansestaden: Revsnes hotell vil vere base for konferansen. Her vil føredrag og minikurs, pop-up-shop osb vere. I tillegg vil det bli utflukter med gardsbesøk, museum/utstilling mm som vil framgå av programmet.

Påmelding: Det vil bli konferansepakker – der alt er inkludert, dvs. kurs, føredrag, utflukter, måltider (frukost, lunsj og middag, og «pausemat».)
Det vil og bli lagt ut dagpakker der kurs/føredrag og lunsj er inkludert. Vidare vil det og vere høve til å booke deltaking på utvalde føredrag/kurs, så sant det er ledige plassar.


Mrk: Dei som bookar full konferansepakke vil ha prioritet for overnatting på Revsnes hotell.
Overnatting: Når påmeldinga til konferansen er stadfest, får du konferansekode som du kan nytte til å booke og få prioritet på Revsnes hotell.


Det finst fleire overnattingsalternativ i nærområdet; Landeskogen fredssenter, Neset camping, Troll Aktiv og Dølen hotell. Info om Revsnes hotell og andre stader for overnatting finn du her: https://www.visitnorway.no/reisemal/sorlandet/setesdal/listings-setesdal/revsnes-hotell-kurs-og-konferansesenter/24466/

Transport:
Kjem du med bil må du plotte inn Revsnes hotell på kartlesaren og finne kortaste veg.
Kjem du med fly, landar du på Kjevik lufthamn i Kristiansand (ev. Gardermoen/Torp/Stavanger) og tek tok til Kristiansand. Frå Kristiansand kan du ta buss til Evje eller Byglandsfjord. Buss til Byglandsfjord (der hotellet ligg) går på morgon og ettermiddag. Det er fleire avgangar til Evje. Det vil vere mogleg å få taxi eller privattransport frå Evje til Byglandsfjord.

Turistinfo/ turplanlegging sjå: https://www.visitnorway.no/reisemal/sorlandet/setesdal/
Busstider finn du her: https://akt.no/